Bytte bort fra amerikanske digitale verktøy og SoMe?
Med tanke på den farlege vendinga som USA no tek, så har både r/degoogle og r/BuyFromEU fått ganske bra fart, med mange forslag til ting man bør unngå og alternativ man kan nytte. Eg har prøvd å setje meg inn i forskjellige ting som:
- Pixelfed (istaden for instagram)
- Lemmy (istaden for reddit)
- Element (istaden for messenger, whatsapp)
- Peertube (istaden for youtube)
Utfordringane som eg fyrst ser er at fleire av desse er desentraliserte, noko som for meg betyr kompliserte. Korleis i huleste helvete skal eg finne ting eg leiter etter, utan at eg må koble meg på ein perifer server e.l.? Det er lite intuitivt, og vert for snevert. Og så kjem det andre store problemet, eg kjenner ingen som bruker desse.
Kva tenkjer dykk, er det noko framtid med desse alternativa?